Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Ulstein VGS > Nyheiter

VO-undervisninga vil foregå på Teams dei to første vekene

Grunna covid-19-situasjonen vil all undervisning på VO bli via teams dei to første vekene.

Unntak: Historie som skal starte opp 12.januar – der vil vi ta kontakt med alle i løpet av denne veka med informasjon om korleis oppstarten blir.

Les meir

Alle vidaregåande skular skal over på raudt nivå

Vi viser til pressekonferanse frå regjeringa i kveld (3.01.21) kl.18.

Alle vidaregåande skular skal over til RAUDT nivå frå 4.01.21 og i 14 dagar framover.

Vi har laga ein plan for raudt nivå, men for å få på plass alle detaljane vert det i første omgang digital heimeundervisning for alle elevar i morgon mandag 4.01.21, bortsett frå 2ST3 (teknologi og forskningslære), som skal møte på Skaparhuset.

Undervisning etter timeplanen for alle.

Kven som skal møte på skulen tysdag vil det bli gitt melding om på Teams i løpet av mandag 4.01.21. 

- Rektor

Les meir

Er du permittert eller ledig?

Fylket melder følgjande:

"No kjem dei første kursa som gjer at du kan få gjort ferdig vidaregåande opplæring. Kursa startar i løpet av januar. 
Fleire kurs kjem etterkvart som skulane får utvikla tilbod til dei som har meldt inn behov for opplæring. Ta kontakt med den enkelte skule for å finne ut kva slags andre kurs dei vil tilby."

I denne lenka får du ei oversikt over kva kvar enkelt skule kan tilby av kurs.

Påmeldingsfrist for alle kursa er 8.januar, 2021.

Her på Ulstein vgs er det desse kursa vi vil tilby i januar og framover:

  • Dagskurs i studieteknikk, 28. januar og 4. februar, meld deg på den dagen som passer deg best.
  • Historie til generell studiekompetanse, start januar. Eksamen vår-21.
  • Matematikk til generell studiekompetanse, start januar. Eksamen vår-21.

Påmelding og meir informasjon om kursa: janne.fylsvik.ronningen@mrfylke.no

Les meir

Oppdaterte smittevernsråd

Du finn dei oppdaterte smittevernsråda her. 

Vi må førebu oss på å måtte gå frå gult til raudt nivå på kort varsel, dersom smittesituasjonen i kommunene våre vert endra i negativ retning.

Så gjer slik regjeringa og FHI ber oss om!

Les meir

Korleis gjer vi det, vi som underviser her på UVS?

Det vil vi prøve å få svar på, ved å gjennomføre ei undervisningsevaluering no i november. Det er absolutt ikkje nytt, vi har gjort det i ein god del år allereie.

Les meir

"Kva skal du velje?"

Har du ein avgangselev i hus, har du kanskje stilt det spørsmålet ein gong eller to.

28.oktober kan elevane få litt meir svar på dei dei eventuelt lurer på.

Les meir

Nytt opplæringstilbod frå fylket

Er du permittert eller ledig?  No kan du få gjort ferdig vidaregåande opplæring! 

Har du gått i vidaregåande opplæring og ikkje fått vitnemål eller tatt fagbrev?  Har du ikkje gått på vidaregåande opplæring, men har lang arbeidspraksis? Om du er blant dei som i tillegg er permittert eller arbeidsledig, tilbyr no Møre og Romsdal fylkeskommune eit opplæringstilbod som hjelper deg til å få vitnemålet/fagbrevet komplett.

Les meir

Informasjon til VG2-føresette (og for så vidt andre) om eit foredrag, kommunikasjon, rus og ungdom

Kommunepsykolog Tomas Myklebust og vår "eigen" politimann Pål Inge Olsen vil halde eit foredrag til Vg2-elevane om rus onsdag 14.oktober. Føresette vil få dette skrivet som e-post, men litt nyttig informasjon til alle har aldri skada.

Les meir