Det nærmar seg, avgangselevar!
15.april er datoen! Då må du ha søkt deg inn på høgare utdanning.
Det er slett ikkje dumt å søke utdanning sjølv om du eigentleg hadde tenkt å ha eit friår til hausten. Plutseleg skjer det noko som gjer at du faktisk har lyst til å gå på skule. Då er det veldig greitt å ha søkt innan 15.april.