Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Ulstein VGS > Nyheiter > Alle vidaregåande skular skal over på raudt nivå

Alle vidaregåande skular skal over på raudt nivå

Vi viser til pressekonferanse frå regjeringa i kveld (3.01.21) kl.18.

Alle vidaregåande skular skal over til RAUDT nivå frå 4.01.21 og i 14 dagar framover.

Vi har laga ein plan for raudt nivå, men for å få på plass alle detaljane vert det i første omgang digital heimeundervisning for alle elevar i morgon mandag 4.01.21, bortsett frå 2ST3 (teknologi og forskningslære), som skal møte på Skaparhuset.

Undervisning etter timeplanen for alle.

Kven som skal møte på skulen tysdag vil det bli gitt melding om på Teams i løpet av mandag 4.01.21. 

- Rektor