Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Ulstein VGS > Nyheiter > Buss til Flø

Buss til Flø

Det har vore litt uvisse rundt minibussen til Flø.

Difor har vi no fått denne meldinga frå fylket:

"Vi har kartlagt situasjonen og ser at det har vore elevar til Ulsteinvik sentrum som har vore med minibussen.

Vi går derfor attende til følgjande ordning frå i dag av:

  1. Minibussen til Flø tar også betalande passasjerar til strekninga Ulstein skule – Roppen. Dvs at fyrste stopp på denne minibussen er Ulstein skule
  2. Elevane til sentrum og til og med Reiten tar rutebuss nr 338 eller 310. Begge desse fortsetter til Ulstein Hatlø, slik at elevar til Reiten går av ved kryss verft/Flø

No forventer vi at alle respekterer dette og at det ikkje blir fleire konflikter rundt denne minibussen.

Vi ber om at denne informasjonen vert gitt til elevar/føresette i området.

Med venleg helsing

Svein Ivar Aarskog

Fagansvarleg/kontraktsansvarleg Driftseksjonen

Samferdselsavdelinga

Møre og Romsdal Fylkeskommune"

Flø, bilde tatt av Jorulf Myrene.