Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Ulstein VGS > Nyheiter > Er du permittert eller ledig?

Er du permittert eller ledig?

Fylket melder følgjande:

"No kjem dei første kursa som gjer at du kan få gjort ferdig vidaregåande opplæring. Kursa startar i løpet av januar. 
Fleire kurs kjem etterkvart som skulane får utvikla tilbod til dei som har meldt inn behov for opplæring. Ta kontakt med den enkelte skule for å finne ut kva slags andre kurs dei vil tilby."

I denne lenka får du ei oversikt over kva kvar enkelt skule kan tilby av kurs.

Påmeldingsfrist for alle kursa er 8.januar, 2021.

Her på Ulstein vgs er det desse kursa vi vil tilby i januar og framover:

  • Dagskurs i studieteknikk, 28. januar og 4. februar, meld deg på den dagen som passer deg best.
  • Historie til generell studiekompetanse, start januar. Eksamen vår-21.
  • Matematikk til generell studiekompetanse, start januar. Eksamen vår-21.

Påmelding og meir informasjon om kursa: janne.fylsvik.ronningen@mrfylke.no

Foto: Sveinar Kleive