Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Ulstein VGS > Nyheiter > Ny ordning når det gjeld PC-stipend til elevar i vidaregåande opplæring

Ny ordning når det gjeld PC-stipend til elevar i vidaregåande opplæring

Til Vg1-elevane skuleåret 20/21:

Nytt frå og med i år er at det ikkje lenger vert tilbod om PC-stipend, men kun ein subsidiert PC.

Foto: Sveinar Kleive

Årets PC-modell er den same som i fjor, ein Dell Latitude 3400, og betalinga i form av ein årleg eigendel er det same. Eigendelen følgjer som vanleg lågaste sats for Lånekassa sitt ikkje-behovsprøvde utstyrsstipend, som i år er på kr. 1071,-.

 

SMS og e-post om at inntaket er klart, vert sendt ut fredag 3. juli. Svarfristen for å takke ja til skuleplass er fredag 10. juli. Det vil gå ut ei melding frå skolestart.mrfylke.no til alle søkjarane måndag 6. juli med beskjed om å svare på skjemaet. Det er sett ein frist på å svare på skjemaet, fristen er 01.09.2020, men vi ber om svar innan 1.08.2020. Dette for at PC’ane skal vere på plass til skulestart.

 

For dei som kjem inn på andreinntaket er fristen: snarast råd etter inntaket og seinast 1.september.

 

Merk at dei to SMS-ane som kjem er to ulike SMS-ar:

  • SMS fredag 3 juli er frå inntakskontoret, og ber deg som søkjar svare på tilbodet om skuleplass.
  • SMS måndag ​6. juli er frå Skolestart, og ber deg som søkjar og som har takka ja til skuleplass om å svare på fagval og PC-ordninga.

 

Merk også! Som søkjar må du ha takka ja til skuleplass for å kunne svare på skjemaet på skolestart.mrfylke.no.

 

Ulstein vgs rår alle elevar til å takke ja til den subsidierte fylkes-PC’en. Den vert fullt støtta av skulen/fylket sitt supportapparat.

 

Ulstein vgs nyttar i stor grad digitale hjelpemiddel i undervisninga og det er viktig at elevane har PC på plass når dei startar på skulen.

 

 

 

Ulsteinvik, 18.juni 2020

Leiinga