Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Ulstein VGS > Nyheiter > Oppdatert info t.o.m. 18.01.21! Raudt nivå og kva det inneber

Oppdatert info t.o.m. 18.01.21! Raudt nivå og kva det inneber

Alle vidaregåande skular i Norge gjekk måndag 4.januar over til raudt nivå, dvs avstandskravet på 1 meter skal haldast i alle situasjonar, samt ein del andre endringar. No er perioden utvida med ein dag, slik at vi er på raudt nivå iallfall til og med mandag 18.januar.

I praksis betyr det for Ulstein vgs at enkelte klasser vil ha digital heimeundervisning nokre dagar i veka. Dette fordi vi må dele dei største gruppene på to klasserom for å halde avstandskravet.

Plan over kva klasser som møter til kva tid vart lagt ut i Teams til alle skulen sine elevar og tilsette måndag.

Skulen si kantine er opa for sal av mat, men elevane må ete på klasseromma sine.