Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Ulstein VGS > Nyheiter > På gult nivå frå i morgon av!

På gult nivå frå i morgon av!

Som dei fleste sikkert har fått med seg, går ungdomsskulane og vgs tilbake til gult nivå frå i morgon av, onsdag 20.01.

Det skal bli godt å kome i normalt covid19-gjenge igjen, der vi får vere på skulen kvar dag. 

Råda om å vaske hendene, evnt sprite hendene, halde seg heime dersom ein er litt rufs og snufsete, dei gjeld fortsatt.

Dessutan har pedagogisk personale fått utdelt ein einmeter, slik at vi kan sikre oss enno litt meir at vi, både elevar og tilsette, held avstand.