Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

TAF? Kva vil det seie?

Utdanninga er 4-årig, med ein kombinasjon av yrkesfag og fag frå studiespesialiserande studieretning. Opplæringa har ein praktisk og ein teoretisk del, der praksis blir gitt i verksemder og teoriundervisning på skulen.

Utdanninga gir eit svært godt grunnlag for vidare val av arbeid eller utdanning. Etter avslutta 4-årig vidaregåande opplæring får elevane både yrkeskompetanse (fagbrev) og spesiell studiekompetanse, retta mot t.d. ingeniørutdanning på teknisk høgskule.

Næringslivet har òg stor trong for å rekruttere ingeniørar med høg kompetanse, med både praktisk og teoretisk bakgrunn.

I følgje Verkstadsovereinskomsten har elevane løn medan dei har praksis dei to første åra. Dei to siste åra vert det gitt full lærlingløn for 5 dagar per veke. Betalinga følgjer same progresjon som for andre lærlingar.

I tillegg til å søkje elektronisk, skal søkjarane sende sende kopi av 1.terminkarakterar frå 10.klasse direkte til skulen.

Fagtilbodet ved utdanningsprogram for tekniske allmenne fag (TAF):
Vg1 Vg2 Vg3 VG4

Skule, 3 dagar per veke:

 

2t Kroppsøving

2t Engelsk

 5t Matematikk, 1T (teoretisk)

 5t Naturfag

 8t Yrkesfag, TIP

 

 

Praksis i bedrift: 2 dagar per veke +

Skule, 3 dagar per veke:

 

2t Kroppsøving

5t Matematikk, R1 (realfag)

4t Norsk

3t Engelsk

2t Samfunnsfag

6t Yrkesfag, PIN

 

Praksis i bedrift: 2 dagar per veke

Skule, 3 dagar per veke:

 

4t Norsk

5t Matematikk, R2 (realfag)

5t Fysikk 1

6t Yrkesfag, PIN

 

 

 

Praksis i bedrift: 2 dagar per veke

Skule, 2 dagar per veke:

 

5t Norsk

5t Fysikk2

4t Historie

 

 

 

 

Praksis i bedrift: 3 dagar per veke