Right menu

august 2010
man tir ons tor fre lør søn
  1
2 3 4 5 6 7 8
9 10 11 12 13 14 15
16 17 18 19 20 21 22
23 24 25 26 27 28 29
30 31        

Kontaktinformasjon:

Ulstein vidaregåande skule
6065 Ulsteinvik
Telefon: 70018300
Fax: 70018330

/ Forsiden / Siste Nytt / Operasjon Dagsverk nærmar seg

Operasjon Dagsverk nærmar seg

Årets klistremerke!
Datoen for årets aksjon her på skulen er 26.oktober, dagen etter datoen som er fastsett nasjonalt. Då har alle ein sjanse til å jobbe i sitt eige nærmiljø, uansett om du kjem frå Eggesbønes, Eidså eller Emblem.
Skulekomitéen i år er samansett av vararepresentane for VG2, ein flott gjeng på 10 stk.

Årets aksjon kjem dei mellomamerikanske landa Nicaragua, Honduras og Guatemala til gode. OD samarbeidar med Utviklingsfondet om aksjonen som har fått namnet "Med rett til en fremtid".

I fylgje nettstaden til OD, www.od.no, skal pengane som kjem inn brukast på stipend- og låneordningar, teoretisk utdanning, praktisk yrkesopplæring, kunnskap om rettigheiter og opplæring i miljøvern og klimaspørsmål. Desse prosjekta vil forbetre livssituasjonen til ca 20 000 ungdomar.

Så då er det berre å tenke seg ut ein plass du vil jobbe og gjere ditt for at verda skal bli ein betre plass å bu :-)