/ Forsiden / Siste Nytt / Abelkonkurransen 2007-2008
Abelkonkurransen 2007-2008
Konkurransen går ut på å løyse problemløysingsoppgåver i matematikk, og konkurransen vert arrangert ved dei fleste vidaregåande skulane i heile landet. Heile 8 av våre elevar gjorde seg fortent til diplom. Ein av desse, Henry Røyset Almedal, gjekk også vidare til 2. runde, som vert arrangert torsdag 17. januar. Å gå vidare betyr at han er ein av dei 10% beste i konkurransen, og såleis ein av dei 10% beste "matematikarane" i vidaregåande i Noreg. Vi gratulerer!
Vi vonar elles at enno fleire vil stille til neste års konkurranse.
Ynskjer du å vite meir om konkurransen, les her:
Og skulle du trenge nokre nøtter for å trene, eller eventuelt for få i gong samtalen i familieselskapet i jula kan du sjå her:
http://www.oppgave.net/ eller her:
http://www.matematikk.net/ressurser/matteprat/viewforum.php?f=19
God jul vert ynskt frå matematikklærarane:)
