/ Forsiden / Siste Nytt / Aksjonen "Avbestill trafikkulykka" kjem hit
Aksjonen "Avbestill trafikkulykka" kjem hit
... og blir her ei veke. Det er ein kampanje som tek i bruk sterke verkemiddel og er eit samarbeidsprosjekt mellom Nord- og Sør-Trøndelag, Møre og Romsdal, trafikktryggingsutvalet FTU, Trygg Trafikk, Politiet og Statens Vegvesen.
Kampanjen er elles ein av fleire kampanjar retta mot ungdom og ein del av 1840. Bak talet 1840 finn du følgjande faktum: at 18-åringar med ferskt førarkort har 40 gongar så stor risiko for å hamne i grøfta enn meir erfarne sjåførar.
Hovudbodskapen er:
· Du kan langt på veg velje din eigen tryggleik i trafikken
· Det er enkle val som skal til for å sikre deg sjølv og andre
· Stå for dine eigne val og sei ifrå!
Organisatorar her på skulen er ei gruppe frå elevrådet.
Vi trur de vil få dykk ein vekkar.
Forhåpentlegvis er det nok til at de kanskje torer seie ifrå neste gong nokon vil køyre om kapp eller vil sjå kven som kjem seg fortast gjennom Eiksundtunnelen eller trur det er eit sjekketriks å skryte av kor fort ein har køyrt eller kor mange bilar ein greidde køyre forbi på ein gong før svingen…
Her er så mange flotte ungdommar på huset, og de igjen kjenner ein haug med andre flotte ungdommar, og vi vil ikkje miste nokon av dykk!
Køyr forsiktig!
Ikkje sit på med nokon utan at dei har lova på tru og ære å køyre fint...
Unaivt å skrive noko slikt, men...
