Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Ulstein VGS > Nyheiter

Buss til Flø

Det har vore litt uvisse rundt minibussen til Flø.

Difor har vi no fått denne meldinga frå fylket:

"Vi har kartlagt situasjonen og ser at det har vore elevar til Ulsteinvik sentrum som har vore med minibussen.

Vi går derfor attende til følgjande ordning frå i dag av:

  1. Minibussen til Flø tar også betalande passasjerar til strekninga Ulstein skule – Roppen. Dvs at fyrste stopp på denne minibussen er Ulstein skule
  2. Elevane til sentrum og til og med Reiten tar rutebuss nr 338 eller 310. Begge desse fortsetter til Ulstein Hatlø, slik at elevar til Reiten går av ved kryss verft/Flø

No forventer vi at alle respekterer dette og at det ikkje blir fleire konflikter rundt denne minibussen.

Vi ber om at denne informasjonen vert gitt til elevar/føresette i området.

Med venleg helsing

Svein Ivar Aarskog

Fagansvarleg/kontraktsansvarleg Driftseksjonen

Samferdselsavdelinga

Møre og Romsdal Fylkeskommune"

Les meir

Vi treng ein vikar i administrasjonen

Vi treng ein vikar i administrasjonen, seinast frå 2.januar 2020.

I stillingsutlysinga står følgjande: "Vi søkjer etter ein dyktig medarbeidar som skal inngå i eit team av fire konsulentar i skulen sin merkantile stab. Stillinga er eit vikariat fram til 1.4.2021, med oppstart seinast 2.januar eller etter avtale. Du vil i hovudsak få jobbe med løn. Vi kan tilby ein arbeidsplass der vi ser og oppmuntrar kvarandre, med ein spennande og variert arbeidskvardag. Du er serviceinnstilt, løysningsorientert og fleksibel i forhold til arbeidsoppgåver."

Ulstein vidaregåande skule er ein god arbeidsplass, med godt miljø og mykje humor.

Søknadsfristen er 29.09 og du finn meir informasjon her!

Les meir

Korleis vil du at fylket vårt skal vere i framtida?

Har du lyst til å meine noko positivt om framtida i fylket vårt, og kanskje vinne noko fint?

Då må du svare på denne spørjeundersøkinga her! Det er fort gjort, men viktig for dei som skal legge framtidsplanane!

Les meir

Skal du melde deg opp til eksamen?

Fristen for oppmelding til privatisteksamen går ut 15.september kl.23.59.

Innan den tid bør du ha registrert deg med rett fag og betalt inn det det kostar.

Du finn sjølvsagt all informasjonen du treng her.

Les meir

Hadde du ikkje høve til å vere på Vg2-infomøtet på onsdag?

Då kan du lese gjennom presentasjonen her

Er det elles noko du lurer på og vil snakke med ein lærar eller ein i administrasjonen, er det berre å ringe 71281000!

Les meir

Valet er vel gjennomført

Resultatet var noko annleis enn det har vore før om åra. Før har UVS gjerne vore ein litt blå skule. I år er vi mest som regnbogen, med raudt, blått og grønt.

Les meir

Presentasjonen frå infomøtet i går

Her finn du presentasjonen frå VG1-infomøtet i går (27.08).

Stor takk til alle som møtte i det fine veret! Det var mange!

Les meir

Skuleskysskorta vert litt forsinka

Dersom du har skuleskysskort frå før (barneskule, ungdomsskule, vidaregåande), skal du bruke dette ut vidaregåande skule. Dette vil då bli aktivert på nytt når alt er klart.

Har du ikkje hatt skuleskysskort før, får du dette når det er klart. I tillegg må du få eit midlertidig (grønt) kort i ekspedisjonen.

MEN du må søke om skuleskyss (sjølv om du hadde det i fjor).

Les meir

Har du ikkje søkt om skuleskyss, må du gjere det asap!

Det er viktig at du søkjer om skuleskyss, sjølv om du gjekk her eller på ein annan vgs i fjor.

Vg2- og Vg3- elevar må søkje på nytt kvart år.

Du finn linken her.

Les meir

Bur du på Haddal?

Skuleskyss til/frå Haddal

I og med at Haddalvegen vert stengd for gjennomkøyring blir det endringar i skuleskyssen fram til arbeidet er avslutta.

Bussane på linje 338 vil i denne perioda køyre nyevegen, av- og påstigning vert då busslommene Haddal sør og Haddal nord.

Les meir