Nokre av elevane gjekk ut i regnet og hadde kanskje same kjensla som fargen ute: grå og trist. Andre var glade for at dei hadde kome opp i akkurat dét faget og ikkje dét. Andre var strålandes glade fordi dei kunne gå heim og ta ei ekstra lang pinsehelg.
Etterpå summa det i gangane rundt lærarane som hadde fått opp sine elevar.
VK2-elevane skal opp i to norskeksamenar, ein eksamen i eit studieretningsfag og ein munnleg eksamen.
VK1-elevane skal opp i ein eksamen, anten skriftleg eller munnleg.
VG1-elevane hadde sjans til å kome opp i engelsk skriftleg, 29 elevar var så heldige. Dei resterande kan kome opp i naturfag eller engelsk munnleg.