Ulstein vidaregåande skule er lokalisert i Ulstein kommune, i nye og renoverte lokale i nærleiken av Høddvoll stadion, med sine ulike idrettsanlegg. Skulen har følgjande programområde:
– Studiespesialiserande,
- Idrettsfag,
- Service og samferdsel,
- Elektrofag,
- TAF Mekaniske fag og
- Påbygging til generell studiekompetanse

Skulen er ein del av ein allsidig og spanande region som mellom anna omfattar Noregs mest vitale industrielle maritime miljø. Skulen har lange tradisjonar for eit godt samarbeid både med lokalsamfunnet, det maritime miljøet og næringslivet elles. Regionen har gode rekreasjonsområde med nærleik til kysten og til Sunnmørsalpane gjennom det nye fastlandssambandet søraustover ,”Eiksundsambandet”, som knyter saman ein region med meir enn 40.000 innbyggarar.


Skuleutvalet
Mål og tiltaksplan
Kontoret
Lovverk og reglement
Tilsette
Ledige stillingar
Ressurssenter
Powered by eZ Publish™ CMS Open Source Web Content Management. Copyright © 1999-2010 eZ Systems AS (except where otherwise noted). All rights reserved.