Ressurssenter

 

Ny sjanse for vaksne - lovfesta rett til vidaregåande opplæring!

Vaksenrett

Vaksne, frå og med det året dei fyller 25 år som har fullført grunnskolen eller tilsvarande, og som ikkje har fullført vidaregåande opplæring tidlegare, har etter 1.august 2000 fått lovfesta rett til vidaregåande opplæring, jamfør §4A-3 i opplæringslova. Vaksne som har rett til opplæring etter §4A-3 har rett på ei gratis opplæring.

Realkompetanse

Med realkompetanse meiner vi alle kunnskapar, ferdigheitar og erfaringar kvar enkelt har skaffa seg gjennom opplæring, løna og frivillig arbeid og aktiv deltaking i organisasjonar og familie-/samfunnsliv. Vaksne som har rett til vidaregåande opplæring har rett til vurdering av realkompetansen sin og til kompetansebevis. Realkompetanse skal vurderast i forhold til kompetansemåla i faga i Læreplanverket for Kunnskapsløftet. Vurderinga skal vise om realkompetansen er likeverdig med kompetansen som er oppnådd gjennom vidaregåande opplæring. Vurderinga skal vere godkjend eller ikkje godkjend realkompetanse i fag eller delar av fag. Fylkeskommunen (ved Ressurssentra) har ansvaret for at vurderinga av realkompetanse blir utført på forsvarleg grunnlag.


Vaksenopplæring i fag som gir generell studiekompetanse
Praksiskandidat – Fagbrev i Sal, service og sikkerheit
Powered by eZ Publish™ CMS Open Source Web Content Management. Copyright © 1999-2010 eZ Systems AS (except where otherwise noted). All rights reserved.