118.550,- til OD, så langt...

Publisert 28. november 2006 09:49:23 av Synnøve Overå Hide
Her om dagen var nokre frå OD-komiteen i banken og sette inn pengane som var komne inn så langt.

Heile 118.550 kroner har leita seg fram frå sunnmørske bedrifter og heimar til OD-prosjektet i Nepal. No har ikkje slett alle betalt inn enno, men det reknar vi med kjem inn fortare enn svint!

Det som er så bra med OD, er at dei slepp ikkje taket i prosjekta sine før det har gått nokre år, dei følgjer opp. Derfor vil vi som har hatt med OD å gjere i år, takke alle som jobba som nokre heltar for å tene inn desse pengane.

Det er enno ikkje for seint til å betale inn, så "løp og betal"!

eZ publish™ copyright © 1999-2010 eZ systems as