1.runde i Abel-konkurransen hadde rundt 20 deltakarar

Publisert 25. november 2009 19:39:20 av Synnøve Overå Hide
Like visst som at lauva fell frå trea er det at Abel-konkurransen går av stabelen i byrjinga av november.

På skulen vår var det rundt 20 elevar som møtte på fyrste konkurransen, 05.11.09.

I følgje Bjørnar, som er ansvarleg for gjennomføringa her på skulen, går nok deltakarane no rundt og bit negler. Ikkje fordi matematiske talent har lengre negler enn oss andre, men fordi dei har så lyst til å få vite om dei får vere med i 2. runde...

Svaret brukar å kome etter nokre veker, noko som tilseier at resultatet snart er i kjømda.

2. runde er 21. januar 2010. Dei som kjem vidare etter dette, vert med i landsfinalen. Vi håpar sjølvsagt at elevar frå UVS kan kvalifisere seg, men nålauget er visst ganske trangt...

Dersom du har lyst til å sjå korleis Abel-oppgåvene ser ut og kanskje prøve neste år:

http://abelkonkurransen.no/problems/abel_0910_r1_prob_nn.pdf

Powered by eZ Publish™ CMS Open Source Web Content Management. Copyright © 1999-2010 eZ Systems AS (except where otherwise noted). All rights reserved.