Abelkonkurransen 2007-2008

Publisert 20. desember 2007 21:28:30 av Synnøve Overå Hide
Slik saag han ut, Niels Henrik Abel.
1. november møtte 11 elevar på kort varsel opp på Landskapet til fyrste runde i Abelkonkurransen 2007-2008.

Konkurransen går ut på å løyse problemløysingsoppgåver i matematikk, og konkurransen vert arrangert ved dei fleste vidaregåande skulane i heile landet. Heile 8 av våre elevar gjorde seg fortent til diplom. Ein av desse, Henry Røyset Almedal, gjekk også vidare til 2. runde, som vert arrangert torsdag 17. januar. Å gå vidare betyr at han er ein av dei 10% beste i konkurransen, og såleis ein av dei 10% beste "matematikarane" i vidaregåande i Noreg. Vi gratulerer!

 

Vi vonar elles at enno fleire vil stille til neste års konkurranse.

Ynskjer du å vite meir om konkurransen, les her:

http://abelkonkurransen.no

 

Og skulle du trenge nokre nøtter for å trene, eller eventuelt for få i gong samtalen i familieselskapet i jula kan du sjå her:

http://www.oppgave.net/ eller her:

http://www.matematikk.net/ressurser/matteprat/viewforum.php?f=19

 

God jul vert ynskt frå matematikklærarane:)

 

Powered by eZ Publish™ CMS Open Source Web Content Management. Copyright © 1999-2010 eZ Systems AS (except where otherwise noted). All rights reserved.