Aktiv bruk av FRONTER

Publisert 15. november 2005 14:03:41 av
Alle lærarar og elevar ved UVS er no meir og mindre aktive brukarar av kommunikasjonsplattformen fronter.

Frå hausten 2005 blir alt elevfråvere registrert elektronisk, i kommunikasjonsverktøyet fronter. Med eige brukarnamn og passord kan då kvar einskild elev få ei oppdatering av det fråveret som er registrert, og sjå at dette stemmer overeins med det fråveret eleven sjølv noterer og leverer melding på.

Men verktøyet fronter blir også brukt i undervisningssamanheng. I stadig fleire fag er det her periodeplanar og andre notat frå lærar blir lagt ut, og det er også muleg å levere inn oppgåver av ulike slag. Dette heng sjølvsagt saman med kor mykje dette verktøyet blir brukt i det einskilde faget.

Alle brukarar av fronter har tilgang til ulike rom, og ved UVS har absolutt alle i skulesamfunnet tilgang til romet "Informasjon for alle". I dette romet ligg mellom anna siste gjeldande årsplan, med oversikt over mellom anna prøvedagar, kontaktmøte og andre viktige hendingar.

Powered by eZ Publish™ CMS Open Source Web Content Management. Copyright © 1999-2010 eZ Systems AS (except where otherwise noted). All rights reserved.