Iallfall er det slik no at det er tid for ekskursjonar. Søndag og mandag sit elevar og lærarar på flya ut i den store, vide verda.Ein del av tyskelevane reiser til Berlin og storparten av franskelevane reiser til Paris (Et ein "pain au chocolat" for meg, ver så snill? Og fortel meg akkurat korleis den første biten smakte...)
London er den europeiske storbyen som får det største innrykket av herlege og entusiastiske VK2-elevar. Dit reiser både ein gjeng med engelsk- og økonomielevar.
Opplegget til alle ekskursjonane er svært rikt, både når det gjeld læring, danning og kultur. Vi gler oss til å høyre korleis de har hatt det!
Så får vi andre som ikkje reiser, halde fortet her heime. For det er ikkje alle VK2-elevane som reiser. Ein god del kjem til å halde seg her på Søre Sunnmøre og skal jobbe med prosjekt. Lukke til, de òg!