Publisert 19. oktober 2010 18:45:48 av Synnøve Overå Hide
Språkseksjonen på skulen har søkt om og fått økonomisk støtte frå Fremmedspråksenteret i Halden til å arrangere ein språkdag.
Vi skal fokusere på framandspråka fransk, spansk og tysk ved hjelp av gode innlegg frå næringslivet rundt her.
Dagen startar på landskapet i morgon kl.08.30 og det går slag i slag til 13.30.
Når framandspråkdagen 2010 er over og ST-elevane har vore med på å lage historie, skal dei ha skule som normalt dei to siste timane.