Den perfekte svela

Publisert 10. mai 2006 22:04:02 av Tor Petersen
Sunnmørspostens Matglede ved Heidi og Gunda har kåra den perfekte svela. Ikkje uventa for oss som stadig har gleden av å kunne nyte den vart vinnaren Borgny Solbakken som har regjert i kantina ved vår skule i mange år. Vi gratulerar så mykje.

Oppskrift på Borgny sine sveler

4 egg
3,5 dl sukker
1 liter skumma kulturmjølk
1/2 ts hjortesalt
1 barneskei natron
1/2 kg kveitemjøl

Visp egg og sukker til tjukk eggedosis. Ha mjølka i ein bolle, og rør inn natron og hjortesalt, med ein ballongvisp. Vend eggedosisen inn i surmjølka. Ha i mjølet forsiktig, litt og litt, og rør med ein stor ballongvisp omtrent som når du lagar sukkerbrød. Steik svelene i ganske varm takke med ein gong røra er ferdig. Smør takka med margarin eller smør på ein bit handklepapir mellom kvar steikerunde.

Powered by eZ Publish™ CMS Open Source Web Content Management. Copyright © 1999-2010 eZ Systems AS (except where otherwise noted). All rights reserved.