Det gjekk bra til slutt!

Publisert 23. februar 2011 10:53:51 av Synnøve Overå Hide
USA sin delegasjon under eitt av dei mange innlegga
Tryggingsrådet i FN, som hadde møte her på UVS på fredag, greidde til slutt å einast om ein resolusjon.

Det var mykje fram og tilbake, mange runder rundt grauten, men slik er det når viktige saker skal avgjerast og dei økonomiske og gjerne politiske interessene er sterke. Det gjekk mot ei løysing etter ei stund, men grunna nokre aktive lobbyistar vart det ikkje til at resolusjonen kom før mot slutten av dagen.

Resolusjonen vart som følgjer: Dersom Israel og Iran går med på å ikkje angripe kvarandre, skal Iran opne for inspeksjonar frå IAEA (International Atomic Energy Agency - Det internasjonale atomenergibyrået). Dersom IAEA finn prov på produksjon av atomvåpen i Iran, skal det ikkje automatisk setjast i gong økonomiske sanksjonar, slik delegasjonen frå USA ville. Då skal Tryggingsrådet igjen samlast for å diskutere kva for nokre sanksjonar dei eventuelt skal setje i verk då. Dette siste innspelet var det Russland og Kina som fekk gjennom.

Eit eventuelt nytt møte blir ikkje på landskapet ;)

Elevane som tok del i FN-rollespelet synest det var interessant, faglærarane var òg godt nøgde.

Skal tru om Tryggingsrådet legg turen til UVS neste år òg?

Powered by eZ Publish™ CMS Open Source Web Content Management. Copyright © 1999-2010 eZ Systems AS (except where otherwise noted). All rights reserved.