Enno eit reir med små fugleungar som skal ut å flyge

Publisert 09. juni 2011 10:37:33 av Synnøve Overå Hide
Ja, det er vår, men vi snakkar ikkje om "vanlege" fugleungar, vi snakkar om avgangselevane våre. Dei kjekke, umodne, koselege, modne, irriterande, inspirerande avgangselevane våre!

Det er dei som skal ut og prøve vingane sine, for å sjå kor langt dei ber. Det er ikkje berre berre å vite kva som er lurt og kva som kan passe. Av og til kan ein suse ut, ha full kontroll, flyge frå tre til tre og ha ruta klar. Andre gonger virrar ein rundt på måfå før ein plutseleg landar akkurat der ein skal vere.

Tirsdag var det samling i kantina med gode ord, flotte blomster, kaker og kaffi. Der var det mykje snakk om fuglungar som skulle forlate reiret og skulle ut å flyge ;)

Lykke til med flyginga!

Powered by eZ Publish™ CMS Open Source Web Content Management. Copyright © 1999-2010 eZ Systems AS (except where otherwise noted). All rights reserved.