Fjelltur utan skodde?

Publisert 12. september 2008 15:44:08 av Synnøve Overå Hide
For ei utsikt! Fotograf: Janne Ronningen
No har skribenten ikkje vore her så mange åra, men både i fjor og året før gjekk vi i skodde. Derfor var det fantastisk..

å gå på fjellet i lag med trottige elevar og lærarar i eit strålandes ver. Gurimalla kor heldige vi er som bur slik til og har fjell og fjord rett utanfor stovedøra! Og har tradisjon for ein fellestur i starten av skuleåret.

Nytt i år var ruta for vg3-turen, som gjekk frå Ringstaddalen/Løset, over Garnestua, Hasundhornet og ned til UVS.

Etter det vi har fretta, hadde elevar og lærarar ein fin dag uansett kvar dei gjekk.

Powered by eZ Publish™ CMS Open Source Web Content Management. Copyright © 1999-2010 eZ Systems AS (except where otherwise noted). All rights reserved.