Framtidige elevar på besøk

Publisert 06. desember 2006 19:33:07 av Synnøve Overå Hide
Lærarar og elevar stilte opp for å informere.
Dei to siste dagane har det verkeleg myldra i gangane på UVS. Ikkje nok med at vi 650 som er på skulen til dagleg var der, det årlege ungdomsskulebesøket gjekk av stabelen denne veka.

Elevane har kome bussandes frå bygder og byar, somme har endatil teke ferje for å sjå korleis vi har det. For oss her på UVS er vel dette eigentleg eit gigantisk PR-stunt. Det er ein aktiv måte å vise oss fram på. Neste års nye elevar har forhåpentlegvis fått eit godt inntrykk av skulen vår og nok informasjon slik at dei veit kva dei vil gjere hausten'07.

Etter eit felles informasjonsmøte på landskapet har gruppene vore innom alle studieretningane på skulen i løpet av desse dagane. Dei har møtt elevar og lærarar frå idrett, elektro, service og samferdsel, allmenne og økonomiske/administrative fag og TAF.

Så fekk dei prøve korleis det er å sitje i kantina vår, i matpausen var der servering av pølser med brød og drikke, for utan mat og drikke....

Då er det vel berre å seie "Vel blåst" til noverande elevar og lærarar og "Velkomne tilbake" til neste års VG1-elevar!

Powered by eZ Publish™ CMS Open Source Web Content Management. Copyright © 1999-2010 eZ Systems AS (except where otherwise noted). All rights reserved.