Elles er Ulstein vgs meir som ei maurtue her om dagen. Mange av VK2-elevane valsa rundt i gangane i dag. Dei var på jakt etter vidare utdanning, yrket, tips og gode råd. For i dag krydde det av folk som kunne hjelpe ein usikker VK2-elev til å finne svar eller kanskje òg setje spørsmålsteikn ved det eleven trudde var det beste for han eller ho.
I dag fann du folk frå universitet og høgskular, representantar frå ymse yrkesgrupper og Lånekassa på skulen vår, spenna klare til å hjelpe deg på rett veg.
Tenk om vi kunne få vite om 10 år kor mange av dagens 19-åringar som faktisk enda opp med å jobbe med det dei trudde dei ville ende opp med... Å, det var ei vanskeleg setning.... Men av og til er det det tunge som er best.