Publisert 15. desember 2011 13:16:32 av Synnøve Overå Hide
Det er heilt sant! Du synest kanskje mamma eller pappa eller andre vaksne er teite fordi dei stiller krav til innetider, oppførsel og rydding av rom.
Men du kjem til å setje pris på akkurat det, om ikkje anna så når du er litt meir vaksen.
Midt-norsk- kompetansesenter for rus ser at ungdom og rus kan vere eit vanskeleg tema. Difor har dei utarbeidd..
.. ei brosjyre. Ho har fått tittelen "Heldig er den ungdommen som har teite foreldre". Den tek for seg korleis føresette kan takle, snakke om og kva dei må ha i hetta når det gjeld ungdom og rus.
Trykk her for å finne brosjyra.
Vi som er føresette likar å seie at vi set grenser og stiller krav fordi vi bryr oss. Det er faktisk heilt sant.