Hit eit steg og dit eit steg...

Publisert 20. august 2007 15:17:50 av Synnøve Overå Hide
...dansar eg fram på skuleveg :-)

Det er vel slik vi håpar at dei fleste av dei nærare 600 elevane som starta "med blanke ark og fargestifter tell" hadde det i dag?

Dei heilt ferske, ferske VG1-elevane hadde eit eige opplegg, mykje i lag med kontaktlærarane sine. I tillegg kom ei fellessamling på landskapet der rektor Jan heldt ei orientering om UVS, arbeidsplassen til alle som er der, anten dei no er elevar eller tilsette.

VG2, VK2 og VK3 (4.års TAF) hadde òg ein mjuk start, men i morgon, tirsdag, er det fullt køyr.

Alle elevane fekk gå tidleg, slik at dei skulle få tid til å kjøpe bøker. Somme bøker må ein ha, sjølv i den digitale kvardagen.

Powered by eZ Publish™ CMS Open Source Web Content Management. Copyright © 1999-2010 eZ Systems AS (except where otherwise noted). All rights reserved.