Keeper, tv-idol og elev i 2id2

Publisert 26. mai 2011 10:20:12 av Synnøve Overå Hide
Ja, du gjetta rett: Det er Petter Sætre Hove det er snakk om.

Du har kanskje sett han i gangane på skulen, men dette halvåret har du også hatt sjansen til å sjå han på tv.

Han var ein av tre elevar ved UVS som vart utplukka til å vere med i Nummer1, ein serie der ein er på jakt etter Noregs største keepertalent under ein viss alder og der ein må ut kvar gong.

Aina Eid Kvamme og Henrik Reite Hansen var tidleg ute av leiken, medan Petter til slutt var ein av 4 som stod att.

Ryggen tok knekken på vidare innsats, så då resultatet var klart no for nokre veker sidan, ville klassekameratane til Petter gjere litt stas på han. Han fekk gode ord, flotte blomster og heile klassa feira med is og brus.

Powered by eZ Publish™ CMS Open Source Web Content Management. Copyright © 1999-2010 eZ Systems AS (except where otherwise noted). All rights reserved.