Kick-off + Elevorganisasjonen + VG1 + landskapet = sant <3

Publisert 19. august 2011 14:09:53 av Synnøve Overå Hide
F.v. Aram Fernush frå Elevorganisasjonen og elev- og lærlingombod Monica Molvær
I dag, fredag, hadde Elevorganisasjonen og Elev- og lærlingombudet kick-off for dei nye elevane ved UVS.
Dei som stod for arrangementet var Aram Fernush, leiar i Elevorganisasjonen i Møre og Romsdal, og Monica Molvær, elev- og lærlingombod i fylket.

Monica snakka om kvifor det er viktig å engasjere seg, både i samfunnet og på skulen. Ho snakka utifrå eigne erfaringar, om at alt starta då ho endeleg ein dag torde å rekke opp handa og melde seg som elevrådsrepresentant.

Aram snakka om kva Elevorganisasjonen er og gjer. Dessutan ville han ha tilbakemeldingar på PC-ordninga i fylket.

Det er viktig at elevane engasjerer seg! Verken storsamfunnet eller vi som skulesamfunn vil ha umælande, uengasjerte nikkedokker.

Powered by eZ Publish™ CMS Open Source Web Content Management. Copyright © 1999-2010 eZ Systems AS (except where otherwise noted). All rights reserved.