Kick Off for ungdomsbedrifter

Publisert 25. september 2006 21:23:38 av Janne Fylsvik Rønningen
Gode kulturinnslag med dans, song og sketsj var med på å setje prikken over i’en når VKI sal og service arrangerte Kick Off på Ulstein vidaregåande skule 7. september. Her ser vi eit glimt av dansegruppa ”Rosa tvilsomme bananar”, som er 8 gutar og jenter frå 2SA ved UVS.

Kick Off er eit arrangement som er tenkt for elevar som skal drive ungdomsbedrifter dette skuleåret. Elevar frå Herøy, Volda og Spjelkavik var gjestar, og tilsaman var ca.150 med på arrangementet.

Bileter frå Kick Off finn du her

Det var kommunikasjon som stod i fokus, og arrangørane hadde fått med seg to dyktige foredragshaldarar. Først var det Lila Moberg som arbeider ved høgskulen i Volda. Ho fortalte om planleggingsarbeidet som må ligge til grunn når du skal utvikle ei webside som når fram og kommuniserer med det publikum du ønskjer. Lila Moberg ga mange nyttige tips som var verdt å merke seg både når det gjeld webutvikling og anna arbeid.

Odd Harald Karlsen heldt foredrag om merkevarebygging, og utfordra tilhøyrarane med mange engasjerande spørsmål. Han snakka mellom anna om kor viktig det er for dei som produserer og sel varer at vi som forbrukarar assosierer noko positivt med merka.

Det var også besøk av Kirsten Aure frå Ungt Entreprenørskap i fylket. Ho fortalde om kvifor Kick Off blir arrangert, og om kva bedriftene kan arbeide med fram mot fylkesmessa i mars. Der kan bedriftene presentere seg og delta i ulike konkurransar.

I lunsjen fekk deltakarane servert baguettar, desse var det det elevane frå Herøy som leverte, og dei fekk dermed ein god start på matsalet i si ungdomsbedrift.

Trude Flusund og Naser Haify leia det heile ein dyktig måte, og dei andre elevane som hadde ansvar for ulike delar sørga for at det vart ei flott ramme rundt heile arrangementet

Powered by eZ Publish™ CMS Open Source Web Content Management. Copyright © 1999-2010 eZ Systems AS (except where otherwise noted). All rights reserved.