KLAGEHANDSAMING SENTRALT GITT EKSAMEN VÅREN 2010.

Publisert 21. juni 2010 10:01:14 av Tor Petersen
Klagefristen er 10 dagar frå eksamensresutatet vert offentleggjort. På Ulstein vg. skule tek ein sikte på offentleggjering torsdag 24. juni kl. 10.00. Klage må difor vere poststempla seinast laurdag 3. juli.

Hurtigklagefristen for dei som søkjer høgskule/universitet: Her må klagen vere skulen i hende seinast kl. 15.00 mandag 28. juni for eksamenssvar som vart levert på papir. For eksamenssvar som vart levert elektronisk (PGS), må klage vere skolen i hende seinast kl. 09.00 fredag 2. juli.

Klage må ha underskrift av klagaren eller klagaren sin fullmaktshavar og kan difor ikkje sendast på e-post. Telefaks kan nyttast. Skolen sitt fax.nr. er: 70 01 83 30.

Svar på klage etter ordinær klagehandsaming kjem til skolen i midten av oktober.

Rektor.
Powered by eZ Publish™ CMS Open Source Web Content Management. Copyright © 1999-2010 eZ Systems AS (except where otherwise noted). All rights reserved.