Konsertstunt i atriet

Publisert 09. juni 2011 11:10:03 av Synnøve Overå Hide
1TL1 heiv seg rundt og arrangerte konsert i dag morgon. Klassa har turnert litt rundt i nærområdet og sunge frå repertoaret sitt.
I dag var det altså UVS som fekk nyte godt av song- og spelegleda.

Det var eit repertoar av det rikhaldige slaget med både norske og utanlandske songar. Vigdis Kim, Gustav og Oskar i 1TL1 var solistar på ein eller fleire songar, i tillegg hadde dei leigt inn gjestesolist Anders frå 1ST1.

Vi takkar og bukkar for flott konsert!

Powered by eZ Publish™ CMS Open Source Web Content Management. Copyright © 1999-2010 eZ Systems AS (except where otherwise noted). All rights reserved.