Landslagssjefen på UVS!!!!

Publisert 30. januar 2007 18:56:56 av Synnøve Overå Hide
Ja, det er heilt sant! Åge Hareide, landslagssjefen i fotball, vitja skulen vår forrige torsdag. Her finn du litt av det Frettepålen sine to utskremte medarbeidarar, Torbjørn Hatløy og Vegard Ertesvåg, skreiv i etterkant. Resten kjem i neste Frettepålen.

"Torsdag 25. januar tok landslagssjefen seg tid til å vitje skulen vår og snakke med idrettselevane. Åge starta med å ta seg ein prat med lærarane på lærarrommet før han kom til eit fullstappa auditorium.

Hareide, som sjølv gjekk her på skulen, forklarte at det var viktig å bestemme seg tidleg for kva interesse ein vil satse på.

Han fortalte om då han sjølv var ungdom og braut seg inn i hallen på Hareid for å spele fotball om vinteren.

- ”Då var det alltid ein som måtte stå på taket og halde utkikk, det var som regel den minste av oss.”

 

Fleire av dei vi snakka med etterpå syns at det Åge sa var til stor inspirasjon."

 

Torbjørn Hatløy og Vegard Ertesvåg

Powered by eZ Publish™ CMS Open Source Web Content Management. Copyright © 1999-2010 eZ Systems AS (except where otherwise noted). All rights reserved.