Lurer du på korleis idrettsklassene hadde det på La Santa?

Publisert 13. februar 2010 23:39:06 av Synnøve Overå Hide
Trykk deg vidare her, så...

3ID1 og 3ID2 tok turen til solfylte Lanzarote.

1.februar var det tid for 3.klassingane på Ulstein VGS å reise til Lanzarote. Reisa var lang, men vel verdt.

Turen hadde vi jobba lenge med for å realisere og ved hjelp av dugnad, sponsorar og diverse, var tida komen. Vi var på La Santa i 8 flotte dagar, med mykje variert og god trening. Club La Santa er eit stort treningsanlegg samt eit leilegheitshotell.

Her er det moglegheiter for utruleg mange aktivitetar og elevane viste stor interesse for fasilitetane. Vi hadde tennis- og volleyballturnering samt mykje anna felles hyggje.

På dagtid strålte sola, og mellom treningane var elevane og lærarane samla rundt bassengkanten for å nyte temperaturen, som låg på rundt 25grader. Det var nok ingen som sakna kulden heime på Sunnmøre.

Til slutt vil eg takke alle elevane og lærarane for eit kjempeartig opphald, og ikkje minst alle som hjelpte oss på vegen til denne fantastiske ”avslutningsturen” på Club La Santa, Lanzarote.

Nils Kristian Pilskog

(Elev, 3ID1)

Powered by eZ Publish™ CMS Open Source Web Content Management. Copyright © 1999-2010 eZ Systems AS (except where otherwise noted). All rights reserved.