Publisert 28. april 2011 15:12:40 av Synnøve Overå Hide
Det har skjedd noko med avgangselevane... Vi er ikkje heilt sikre på kva det er. Det er mest som ei uniform. Det går mykje i raudt, har vi sett.
Åja, no kom vi på det, det er russetida som har starta!
Men..
sjølv om det er mest som ei uniform er det enno lov å tenkje sjølv, folkens.
Kos dykk, køyr forsiktig, bruk prevensjon og pass på kvarandre.
De synest kanskje det er ein klisjé, men vi har ikkje råd til å miste ein einaste ein av dykk!