OD nærmar seg med stormskritt

Publisert 03. oktober 2006 09:59:53 av Janne Fylsvik Rønningen
For dei av dykk som ikkje heilt veit kva OD står for, så er det altså Operasjon Dagsverk.
Det er ein landsomspennande aksjon, med nye prosjekt kvart år.

OD-komiteen, som er samansett av tillitselevane på VK1, ser no at all jobbinga deira den siste tida snart vil bere frukter. (Heldigvis er det mange omsynsfulle lærarar på skulen vår som ser at det å jobbe med eit slikt prosjekt er noko ein lærer mykje av.)

Dei første datoane du må hugse, er 4. og 6.oktober. Komiteen har fordelt undervisningsgruppene utover og desse dagane vil elevane ved UVS få informasjon om kva årets OD-aksjon går ut på. OK, vi kan gje deg eit lite hint: Nepal og skotsikre skular.

Dette er eit Redd Barna-prosjekt og dei 300 kronene du jobbar inn i løpet av 27.oktober, kjem til å kome godt med.

Dessutan må du krysse av i almanakken for 23.oktober. Då arrangerer OD-komiteen Internasjonal Dag på skulen. Vi får blant anna besøk av ein student frå Nepal Han kan heilt sikkett gje oss eit godt inntrykk av korleis det er å vere ung i dette fjellandet. Elles vil du få prøve deg på ymse aktivitetar denne dagen, det er berre å glede seg.

Når det gjeld sjølve OD-dagen, 27.oktober, er det fritt fram for gode initiativ. Kanskje treng huset heime ein vask før helga? Kanskje kan du hjelpe naboen med å vaske dei 14 bilane han har ståandes i garasjen? Kanskje kan du få deg jobb på ODIM, Jets, Rolls-Royce, Strax, Overvåg, Føhnix, Moa eller midt i Ålesund?

Nepalske barn treng at du gjer ditt 27.oktober.

Powered by eZ Publish™ CMS Open Source Web Content Management. Copyright © 1999-2010 eZ Systems AS (except where otherwise noted). All rights reserved.