Årets aksjon kjem dei mellomamerikanske landa Nicaragua, Honduras og Guatemala til gode. OD samarbeidar med Utviklingsfondet om aksjonen som har fått namnet "Med rett til en fremtid".
I fylgje nettstaden til OD, www.od.no, skal pengane som kjem inn brukast på stipend- og låneordningar, teoretisk utdanning, praktisk yrkesopplæring, kunnskap om rettigheiter og opplæring i miljøvern og klimaspørsmål. Desse prosjekta vil forbetre livssituasjonen til ca 20 000 ungdomar.
Så då er det berre å tenke seg ut ein plass du vil jobbe og gjere ditt for at verda skal bli ein betre plass å bu :-)