Pensjonisttreffet i gang igjen

Publisert 13. september 2010 09:16:05 av Synnøve Overå Hide
Vi har mange hyggjelege tradisjonar ved UVS, slik som gang rundt juletreet, juleball og fjellturar. Men..

..vi har óg pensjonisttreff ein gong i månaden. Organisering av treffet går på omgang mellom seksjonane, i år er det Elektro-TAF som skal ha den sosiale biten.

Når eg ser gjengen sitje der, har eg vanskar med å kalle dei pensjonistar, sidan dei slett ikkje er så gamle som nemninga skulle tilseie.

Det er alltid mykje liv og latter rundt borda når gjengen er samla, det er kjekt for oss som fortsatt jobbar her og kjekt for dei som no kan nyte livets otium framover, sjølv utan å jobbe på UVS.

Powered by eZ Publish™ CMS Open Source Web Content Management. Copyright © 1999-2010 eZ Systems AS (except where otherwise noted). All rights reserved.