Difor samarbeider UVS, Rolls Royce og Ulstein om å gi Fy1-, R1- og R2-elevar oppgåver som skal løysast på best mogleg måte. Vg2-elevane var på ekskursjon og oppgåveløysing ein dag før vinterferien, medan Vg3-elevane var der to dagar. Det er ingeniørar ved RR og Ulstein som lagar oppgåvene, utifrå kva elevane våre har lært og korleis den kunnskapen kan brukast reint praktisk på to av dei største arbeidsplassane i regionen vår.
Det var spanande og engasjerande dagar.