Dei kjem frå Bodø, byen fotballaget Bodø Glimt kjem frå... Bandet ville prøve å rette opp att inntrykket av byen, sidan Hødd vann over Bodø Glimt dagen før.
Det greidde Kråkesølv med glans! Dei heldt to forrykande og varierte konsertar for elevar og lærarar.
Kråkesølv kom til Ulsteinvik som ein del av Kultursekken, som er eit kulturformidlingsprogram.
Frå www.mrfylke.no hentar vi følgjande definisjon: Kultursekken er Møre og Romsdal fylke sitt svar på Den kulturelle skolesekken - eit nasjonalt tiltak for å satse på kultur i grunnskolen.