Publisert 18. juni 2010 15:04:51 av Synnøve Overå Hide
Det er veldig rart og flott på same tid. Ein del av elevane ser vi ikkje igjen og faktisk nokre av kollegaane kjem vi heller ikkje til å sjå så mykje av. Men slik er det, der er ei tid for alt: Tid for å begynne, tid for å slutte, tid for å pensjonere seg, tid for å ta meir studiar.
No derimot er det tid for sommar... Sjølv om det ikkje ser slik ut akkurat no, i skrivande stund.
Lat oss ønskje kvarandre ein strålande fin sommar, med mykje grilling, sand i håret, seine kveldar, tidlege morgonar og vakre solnedgangar.
Så sjåast vi i august, med ny rektor på huset!