Søk om utstyrsstipend – alle med ungdomsrett får!

Publisert 09. juni 2011 14:22:31 av Synnøve Overå Hide
Alle elevar med ungdomsrett i vidaregåande opplæring får utstyrsstipend, same kor mykje foreldra tener. Hugs at du må søkje for å få stipendet.

Når kan eg søkje?

Du må takke ja til skuleplass før du kan søkje om stipend og/eller lån.

Du kan ikkje søkje dersom du står på ventelisteplass, du må vente til du har takka endeleg ja til ein skuleplass.

Kvar kan eg søkje?

Korleis får eg pengane?

  1. Du loggar inn og sjekkar resultatet av søknaden på Dine siderlanekassen.no.
  2. Når søknaden er behandla, kjem stipendmeldinga/gjeldsbrevet til skulen din. Hent brevet der når skulen startar til hausten. Ingen får utbetalt pengar før skulen har starta.
  3. For å få pengane til kontoen din må du skrive under på brevet (stipendmeldinga/gjeldsbrevet) og sende det tilbake til Lånekassen. Er du under 18 år, må også ein av foreldra dine skrive under.

Les meir på lanekassen.no.

Du kan også sjekke ut Lånekassen på Facebook.
Som supplement til lanekassen.no, har Lånekassen oppretta ei side på Facebook der dei rettar seg spesifikt mot A4-eleven i vidaregående. Dei håpar og trur at dette vil gjere basisinformasjonen lett tilgjengeleg, og opne for dialog om generelle spørsmål (ikke om kundeforhold). Døme på kva elevane kan lese om på Facebook:  

Powered by eZ Publish™ CMS Open Source Web Content Management. Copyright © 1999-2010 eZ Systems AS (except where otherwise noted). All rights reserved.