To ting på ein gong: Konsert og besøk

Publisert 13. april 2011 11:41:47 av Synnøve Overå Hide
Her ser du 1TL1 på "scena" i auditoriet.
Forrige torsdag hadde 1TL1 besøk i frå Volda vidaregåande skule. Sidan klassa er så glade i å synge og spele, hadde dei funne ut at...

det gav dei eit strålande høve til å halde ein aldri så liten konsert.

Som sagt så gjort: Auditoriet vart booka, gjestane kom, og i tillegg tok nokre av dei som går og spring i gangane på UVS òg turen innom.

Det vart visst ein flott konsert med gode tilbakemeldingar frå publikum :)

Powered by eZ Publish™ CMS Open Source Web Content Management. Copyright © 1999-2010 eZ Systems AS (except where otherwise noted). All rights reserved.