Ulstein vidaregåande skule er MOT-skule

Publisert 06. februar 2007 12:27:08 av Synnøve Overå Hide
Skulen er del av MOT-organisasjonen som vart starta i 1997 av Atle Vårvik og Johann Olav Koss, med støtte frå Olympiatoppen. Og nei, det tyder ikkje at UVS er mot det meste.

UVS vart MOT-skule i haust. Førebels er det VG1-elevane som nyt godt av opplegget, etterkvart vil dette forplante seg opp gjennom klassestega.

VG1-klassene har alle hatt minst eitt besøk. Målet er fire besøk i løpet av skuleåret.

I desse timane skal vi ha fokus på det positive i kvar klasse. Kanskje finn vi òg noko vi bør jobbe med. Gjennom mange kjekke og spennande aktivitetar kan du kanskje bli kjent med medelevane dine på ein litt annan måte.

 

MOT v/UVS = Alexander Paus, Wenche G. Sætre, Hege Holstad og Synnøve Overå Hide. Eldrid Vik er koordinator.

 

MOT sine kjerneverdiar er følgjande:

 

Visjonen til MOT er å skape varmare og tryggare oppvekstmiljø.

 

Viss du vil finne ut meir om MOT, kan du anten spørje ein av MOT-informatørane på skulen eller du kan gå inn på nettstaden: www.mot.no.

Powered by eZ Publish™ CMS Open Source Web Content Management. Copyright © 1999-2010 eZ Systems AS (except where otherwise noted). All rights reserved.