Dei måtane kan vanlege folk som meg og deg bruke til å finne ut kva vi eigentleg vil her i livet. For det heile handlar om kor godt ein kjenner seg sjølv og kor godt ein torer å kjenne etter. "Kva er det eg eigentleg vil?".
Tilbakemeldingane frå elevane våre var svært gode, dei syntest det var eit spanande foredrag.
Torsdag var det ein heil gjeng som var utover med personale og elevar. Då var det ungdomsskulane i distriktet sin tur. Vi gjorde vårt aller beste for å huke nye elevar. Men det viste seg at dei aller fleste hadde bestemt seg for vegen vidare. Nokre ville gå TAF, andre ville gå helse og sosial, atter andre ville prøve seg på studiespesialiserande eller noko heilt anna.