/ Forsiden / Aktivitetar
Aktivitetar
Kva skjer på UVS i løpet av eit skuleår?
- Når vi snart ser september på kalendaren, vi har endeleg funne roa i eit nytt skuleår og vi byrjar kunne namna på elevar og medelevar, då er det tid for fjelltur. Vi har vanlegvis hatt tre forskjellige turar for dei tre forskjellige klassestega, alt på same dag, men til forskjellige stader. Det er uansett ei oppleving, både grunna naturen og selskapet.
- Nokre dagar før juleferien har vi juleball. Det vert arrangert av ein komité og diverse underkomitear. Det er alltid eit syn å sjå ungdomane kome pynta og flotte, nokre med tjukkelestane i veska, sidan dei høge hælane er finast å sjå på og ikkje å gå på... Det er sjølvsagt eit alkoholfritt arrangement, som alt anna i regi av skulen.
- Dersom vinteren er nokolunde stabil, har vi av og til skidag. Då reiser vi til Bondalseidet, der nokre går på ski, andre står på ski, atter andre igjen dett på ski og nokre har ikkje ski. Men felles for alle, trur vi, er at vi har det kjekt.
- Elles gjennom skuleåret arrangerer 2ID fotballturnering, der både elevar og lærarar tek del. Det er veldig spanande!
- I tillegg tek UVS del i ei handballturnering med eitt jentelag og eitt gutelag. Turneringa er for dei vidaregåande skulane i fylket, og det er kvar sin gong å arrangere.
