/ Forsiden / Bibliotek / Bruk av biblioteket / Bruk av biblioteket
Bruk av biblioteket
Kva finst på biblioteket?
Biblioteket har skjønnlitteratur og fagbøker, og du finn også bøker på engelsk, tysk og fransk.Desse kan du låne heim. Leksika og andre oppslagsverk, norske ordbøker og ordbøker på engelsk, tysk, spansk og fransk kan du låne til bruk medan du er på biblioteket. Du finn også fleire aviser og tidsskrift, både norske og utanlandske, som skulen abonnerer på.
Korleis finn du fram?
Skjønnlitterære bøker er oppstilt alfabetisk på forfattaren sitt etternamn. Fagbøkene er inndelte etter emne. Nesten alle bøkene er registrert i ein bokdatabase i bibliotekarens datamaskin. Spør bibliotekaren dersom du ikkje finn det du leitar etter.
Dersom du klikker på denne lenkja, kjem du direkte inn på bibiliotekbasen vår. Dermed kan du søkje opp og sjekke om den/dei bøkene du vil lese finst i biblioteket vårt. Dersom du ikkje finn det du ynskjer, kan du snakke med biblioteKari, så bestiller ho bøkene for deg.
http://bibliotek.ulstein.vgs.no/cgi-bin/websok?mode=sok&st=p&tpid=3555
